mandag 3. mai 2010

Bok 18 2010: "Gravstille" av Arnaldur Indridason

Sidan eg likte den førre boka eg las av Arnaldur Indridason, prøvde eg meg like godt på ei til. Og for ein gongs skuld var oppfølgjarboka ei positiv overrasking! Komposisjonen går ut på at ein vekslar mellom to historier i to ulike tider. I notida møter vi Erlendur og kollegaene hans som skal løyse ei gammal mordsak som vert oppdaga då ei lita jente sit og gneg på ein menneskeknokkel i eit barneselskap. Fortidshistoria er ei spennande forteljing om ei familietragedie. Her er mykje "prat" og lite "action", og løysinga er ikkje noko stor overrasking, men det er likevel ei spennande bok som kan anbefalast.

2 kommentarer:

  1. Eg skal lese desse, men må få tak i dei første først!

    SvarSlett
  2. Her har dei som regel alle inne.(Eg har før anbefalt at ein les dei kronologisk.)Det er ikkje så mange som har fått augene opp for desse noko spesielle bøkene enno. Som eg har sagt før, er det historiene om menneska og ulike skjebnar i notid og fortid som er det mest interessant i desse bøkene.

    SvarSlett