tirsdag 4. mai 2010

Årets første "kapokk"

I dag tidleg måtte eg skrape snø av bilruta, og det var noko nysnø på markane. I løpet av føremiddagen skein det opp og vart vårleg og fint, men "skjønt og mildt" er det enno ikkje, sjølv om kalendaren seier mai. Ungane og eg tok middagen på Viva, Nummer 3 var på ballett medan eg og gutta handla, og no er Nummer 2 og 3 på korpsøving medan Minstemann og eg kosar oss heime.

Då den same Minstemann var halvanna år gammal, mata eg han med jordbær for å unngå stygge flekkar og altfor mykje kliss. "Gap opp", sa eg, og putta inn eit halvt jordbær. Etter kvart skjøna guten teikninga og bad om "Meir kapokk?" . Det tok litt tid før eg skjøna kva han meinte, men det var i grunnen ganske logisk.

No har vi vore ute ein tur og teke med oss ei lita skål med "kapokk" - dei kosta berre ti kroner korga, men var sikkert betre eigna til å pynte kaker enn til å ete. Uansett gav dei ein viss forsmak på kva den komande sommaren har å by på.

1 kommentar:

  1. Kjekt at du skriv ned slike små anekdotar, så blir dei hugsa.Du minner om mora til Emil .....

    SvarSlett