lørdag 1. mai 2010

Om bollar, rett og slett


Gamla rettar, som nemnt nokre gonger før. I dag vart det litt kjekkare å jobbe, for Eldstejenta kom heim og heldt meg med selskap. Og mat. Dagens multitasking gjekk nemleg ut på å rettleie Eldstejenta i bollebaking medan eg las korrektur på ein stilbunke. For ei tid sidan kjøpte eg eit par pakkar med "Verdens beste boller", ei mjølblende som berre skal tilsetjast vatn og gjær. Eg dobla ikkje gjærmengda, som var temmeleg raus i utgangspunktet (1 pk på 4,5 dl væske). Eldstejenta hadde fått med seg vaniljekrem frå Farmor, og vi hadde både smør, kanel og sukker til å ha i svingane.

Nysteikt kveitebakst er det beste som finst, og bollane var skikkeleg gode. Ikkje "verdas beste", kanskje, og i alle fall ikkje "verdas penaste", men øving gjer kanskje meister når det gjeld baking òg. Ho kan gjerne øve ofte heime hos meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar