lørdag 8. mai 2010

Fotballturnering: vi er med på laget

Nummer 3 spelar fotball, som einaste jente på eit lag for gutar fødde i 1999/2000/2001. I dag skulle dei på turnering i Volda, og sidan Eldstejenta ville passe Minstemann og Nummer 2 skulle i selskap, vart det berre Gamla som representerte familien ringside. Ein heller kjølig og fuktig affære, når sant skal seiast, men det hjalp på at laget vann den siste kampen.

2 kommentarer:

  1. "Amanda og gutta"- ei tøff jente.Artig at ho er med på dette.Hadde pappa visst om det, så hadde han kanskje stilt opp, men som du seier-veret er surt.

    SvarSlett
  2. Det finaste bildet viser berre om ein trykker på det! Ja, no er det tid for aktivitetar. Tenkte vi måtte få "pressa inn" eit treff i langhelga! Laurdag er korpsdag her. Eg veit ikkje kor mykje Olaug skal vere med på. Kanskje allereie torsdag? Viss det ikkje dukkar opp noko. Må sjekke hareidsfotballen. Amanda gler seg vel til kanina!! Ho får visst velje fritt.

    SvarSlett