torsdag 20. mai 2010

"Dagens outfit"

Eg har aldri vore spesielt oppteken av klede, motar og denslags, og ofte endar eg opp med noko svart. Til naud blått. I dag kjøpte eg meg eit antrekk som inneheldt det meste av detaljar som eg er skeptisk til, men som eg kan synast er fint på andre:

  • puffermar
  • kort jakke
  • djup utringing
  • rosa blomar
  • blonder
Utslagsgivande årsak til kjøpet var ei triveleg førtiårsfeiring i Bygda, der om lag tjue damer var samla til kaker og kaffi.

3 kommentarer:

  1. Eg synest du kledde kjolen godt, og så veldig "dristig" var han no ikkje. Ikkje så vanskelig å finne klede i din storleik, verre med meg.......

    SvarSlett
  2. Eg synest kjolen er fin, og jakka "rocka" den!

    SvarSlett
  3. Eg har gått opp ein storleik frå i fjor sommar, og då vart det med eitt lettare å finne seg små nok klede...

    SvarSlett