fredag 29. januar 2010

Bienes hemmelige liv - filmen, denne gong

Då eg las romanen "Bienes hemmelige liv" av Sue Monk Kidd, vart eg både rørt og imponert. Historia er god, og der er mykje å gripe fatt i og reflektere over. Filmatiseringa ligg tett opp mot romanen, og den er absolutt verd å sjå, anten ein har lese boka eller ikkje. Tema i boka/filmen er saknet etter mor, ønsket om å bli elska og tilgitt av far, kjærleik, samhald og det sterke bandet mellom kvinnene. På mange måtar fremjar boka/filmen feministiske haldningar, og den idealiserer i alle fall feminine verdiar, medan spesielt faren i filmen vert framstilt som valdeleg og kjenslemessig dysfunksjonell.

Som de kanskje hugsar, var eg ikkje særleg imponert over "Granateplene" (av same forfattar og dottera hennar, Ann Kidd Taylor), men det eg likte i den boka, var det som handla om forfattarens tankar omkring bie-romanen. Det var derfor artig å sjå filmen etter å ha lese den boka òg.

2 kommentarer:

  1. Eg har lese begge bøkene, og er samd med deg i det du har skrive om dei. Eg vil gjerne sjå filmen også, så eg får stille meg i kø.

    SvarSlett
  2. Viss du eig filmen, står eg og i kø. Eg trur eg las boka for 1 1/2 år sidan.

    SvarSlett