tirsdag 12. januar 2010

Bok 2 2010: "Blodåkeren" av Denise Mina

Hovudpersonen i denne første boka i ein serie krimbøker frå Glasgow er Paddy Meehan, ei ung katolsk kvinne som ønskjer å bli journalist. Sjølve kriminalhistoria begynner spennande, med to tolv år gamle gutar som er skulda for å ha drepe ein tre år gammal gut, men det flatar veldig ut mot slutten. Eg har leita etter fleire Mina-bøker på biblioteket i dag, men eg fann ingen lydbøker, i alle fall. Trass i den utflatande krimhistoria vart eg fascinert av miljøskildringa og av livet til hovudpersonen. Dette er ein tendens i tida, verkar det som; at privatlivet til etterforskaren vert meir spennande enn sjølve etterforskinga. Paddy slit med dårleg sjølvtillit på grunn av overvekt, ho vegrar seg mot å gifte seg og bli ei ordinær katolsk husmor og mor. Ho er dessutan usikker på kjenslene sine for eit par menn. Interessant som underhaldning, men ikkje særleg originalt.

Noko som irriterte meg med lydboka, var engelskuttalen til Gisken Armand. Eg er kanskje sær, men synest at det må vere mogleg å uttale til dømes stadnamn som "Isle of Wight" på ein nokolunde akseptabel måte når ein skal lese inn ei lydbok.

4 kommentarer:

  1. Denne forfattaren har eg ikkje lese noko av! GA brukar å lese godt, men eg forstår kva du meiner!

    SvarSlett
  2. Uansett språk så må i det minste stadnamna vere rett uttala.Men eg oppdagar rett som det er at t.d.franske namn og ord blir feillese, og eg er ingen ekspert på det språket heller.

    SvarSlett
  3. Å lese hva boken handlet om minnet meg litt for mye om den saken i England for noen år tilbake :(

    Jeg er enig i at man bør kunne forvente seg at oppleseren kan uttale stedsnavn sånn noenlunde korrekt.

    SvarSlett
  4. Ja, handlinga burde vere gruvekkjande nok, men skrivemåten har alt å seie når det gjeld kriminalsjangeren.

    SvarSlett