mandag 4. januar 2010

Come what may


Dagens snakkis på ferja og jobben var kulden som er meldt utover i veka. Og mi store bekymring har sjølvsagt vore: korleis skal eg halde ungane mine varme? På den lokale butikken fann eg ei løysing, då dei hadde ullundertøy på tilbod. No i kveldinga har alle tre teke på seg habittane sine for å bruke dei som pysj. Er dei ikkje fine, kanskje? I morgon blir det fleire innkjøp for å kome vinterkulda i møte - både for store og små.

6 kommentarer:

  1. Ullundertøy er eit Must i kulden.Heldigvis er her godt utval i butikkane.Og fine er dei!!

    SvarSlett
  2. Eit tips:Ull under, fleece over gir max varme.

    SvarSlett
  3. Ja, eg har gjeve dei instruksar. Nummer 2 syntest han såg ut som ein ballettdansar, medan dei to hine har teke pledda sine rundt halsen og leika superheltar...

    SvarSlett
  4. Naboen ringde frå Gran Canaria etter å ha sett bloggen min!

    SvarSlett
  5. Duken må dessverre snart byttast ut med noko mindre julete...

    SvarSlett