lørdag 30. januar 2010

Familiedag på Hareid

I dag pakka vi bilen full av skiutstyr, uteklede, kake og ungar og kjørte til Hareid på blindeføre. Det gjekk ikkje fort, for å seie det mildt, men vi kom trygt både fram og heimatt.

Vi vaksne har ein tendens til å sige ned i stolar og sofa i god prat og med fantastisk mat. Ungeflokken tok seg derimot ein tur ut og basa i snøen med og utan ski.

2 kommentarer:

  1. Kjekt at du hadde tatt bilde av huset og marka oppom-ikkje alle veit korleis der ser ut UTE.

    SvarSlett
  2. Nei, den tanken slo meg faktisk.

    SvarSlett