fredag 1. januar 2010

Godt nytt år!


"Totusenogti", eller "tjueti"? Eg har ikkje bestemt meg enno, men har kome fram til at det neppe blir "totusenogelleve".

Feiringa av overgangen til eit nytt tiår er avslutta, og det har vore ei roleg og triveleg feiring for vår del. Vi hadde ingen gjester, men ungane fekk gå nyttårsbukk saman med kompisar og venninner. Rakettane skaut vi opp saman med sambygdingar på Brauta, og i år var Minstemann litt mindre skeptisk enn tidlegare år. "Vitsen e at en skal sjå opp på himmelen," forklarte han meg. Stjerneskot ville han ikkje høyre snakk om, medan søskena tok heilt av. Nummer 3 vart så oppøst til slutt at ho la seg i snøen og påstod det var varmt - då takka vi for laget og for heim.


Eg er ikkje så overbegeistra verken for nyttårsfeiring generelt eller rakettar spesielt, for slike overgangar fører alltid med seg nokre vemodige tankar om år som er over, noko som ikkje nødvendigvis bør feirast med å skyte dyrt fyrverkeri opp i den friske desemberlufta. Eg er pessimist av natur, og eg evnar rett og slett ikkje å sjå på det nye året som rikt på mulegheiter. Likevel har eg gjort eit forsøk på å tenke positivt ved å nullstille teljaren på bloggen, og så er det tid for å begynne ny teljing av bøker. Skritt-teljaren ligg klar til nullstilling, og eg har ingen store planar om verken å gå ned i vekt, slutte å snope eller liknande nyttårsforsett. Faktisk likar eg å kalle det nyttårsfortsett - ein får halde fram i den gamle tralten og håpe det blir eit godt år.

4 kommentarer:

  1. Eg får ikkje til å nullstille teljaren min! Elles tenkjer vi mykje likt.
    Eg har annonsert både på jobb og i familien at eg skal seie tjue-ti, men slit med å vere konsekvent...
    Godt nytt år!

    SvarSlett
  2. Eg la inn ny teljar! Godt nytt år!

    SvarSlett
  3. Eg høyrer og ser at de er døtre til ei pessimistisk mor. Fordelen med å vere pessimist, er at ein sjeldan vert skuffa!
    Elles får eg seie som eg sa for lenge sidan:Ein får ha eit lite nyttår kvar dag.
    Eitt nyttårsforsett har eg:Eg skal slutte å ete-trur eg.Eller i alle fall sette kraftig ned på kaloriinntaket.Desember månad har vore ein einaste lang mat-festival!
    Eg startar i morgon-ikkje i dag.

    SvarSlett
  4. Det var e-posten med passord som tok si tid med teljaren, så eg rekna meg attende til klokka tolv og starta på 20..........

    SvarSlett