tirsdag 19. januar 2010

Mitt nye barn: bokogfilm.blogg.no

Ja, eg sa det i går, at det føltest nesten som å føde då vi oppretta ein ny blogg. Dette er mitt nye pedagogiske stunt, og eg håpar verkeleg det blir ein suksess. Mediaklassen startar stafetten med å blogge om filmar dei ser og bøker dei les. Dei skal mellom anna lese kvar si bok på engelsk og skrive eit blogginnlegg om den.

Som med andre born veit ein lite om korleis framtida blir, men tanken er at bloggen kan leve eit eige liv med fleire lærarar og elevar involverte etter kvart. Med ei viss ærefrykt har eg i alle fall gitt liv til barnet, og så får vi sjå.

2 kommentarer:

  1. Har vore innom den nye bloggen og lese om gode ,gamle JD, som eg har skrive mykje om før.Eg kjem til å lese bloggen, men halde meg frå å skrive kommentarar, då dette ikkje er ein familieblogg.

    SvarSlett
  2. Ja, eg må innrømme at eg skreiv det innlegget sjølv, berre for å fylle bloggen med eitkvart. Det blir vel nokre jukseinnlegg av det slaget berre for å kome igang, men gjengen har lånt bøker og verkar motiverte for oppdraget.

    SvarSlett