tirsdag 5. januar 2010

Speedshopping - ei sportsgrein?


I dag tok eg med heile ungeflokken på Amfi, der vi kjøpte oss middag før vi tok oss eit raid. Det er meldt sprengkulde, og eg tek ingen sjansar. Gutane hadde ikkje gode nok vinterskor, blant anna. Og så var det sal både her og der. Gamla unte seg sjølv litt forskjelleg òg - ti minutts shopping på den rette butikken gav ei viss fornying.

I løpet av tre timar var vi på biblioteket, gjekk på café, shoppa, kjørte Nummer 3 på ballett, shoppa meir, henta Nummer 3, handla mat og kjørte Eldstejenta heim på hybelen.

Det vart nokre tusen skritt; ikkje minst då eg skulle bere på plass alle varene i heimen. Eg trur det blir TV-kveld på Gamla i kveld...

5 kommentarer:

  1. Eg og var på Tårnfridhandel i dag med studenten på slep. Han fekk seg nye sko og bukse. I tillegg var han konsulent for innkjøp til broren.

    SvarSlett
  2. Her har vi ikkje vore på shopping i år! Om vi ikkje reknar med ein lypsyl+ to såper på kjøpesenteret på Gol.(Syntest det var litt kjipt å kjøpe berre ein lypsyl...)Når Nils har så mykje å moke,kan ikkje eg mase om butikkrunde, men eg har ærend i massevis.
    Det gjekk vel ikkje berre tusenvis av steg, men like mange kroner kan eg tenkje meg.Forstår at de ikkje fekk høve til å stikke oppom.Ein annan gong får de bestille middag i Starevegen.

    SvarSlett
  3. Ja, så sparer vi dei kronene? Det vert mykje fram og attende når Nummer 3 er på ballett, og ho ville gjerne delta i shoppinga ho òg.

    SvarSlett
  4. E har slike Eccostøvler og det kommer godt med nå. - 20 i dag. Er lei kulda nå men er litt glad for at det er en gammeldags Kongsberg-vinter med rikelig med snø og lange kuldeperioder.

    SvarSlett
  5. Begge gutane var strålande nøgde med dei nye skorne!

    SvarSlett