onsdag 5. mai 2010

Aktiv fri-onsdag

Fri-onsdagen denne veka starta med rim på markane, men nydeleg sol. Nummer 3 fekk starte rulleskøyte-sesongen i går, og i dag vart det meir av det slaget. Dei to yngste leika mykje med naboungane, og eitt av prosjekta var å bygge ein buss av plankebitar. Nummer 2 reiste til Ørsta på hip-hop om ettermiddagen, og i kveldinga er både han og systera på fotballtrening ute.

Noko av det beste med finevêret er at det blir mykje uteliv. No håpar eg det blir fint og varmt snart, så det blir mogleg å sitje ute med rettingsarbeidet også.

3 kommentarer:

  1. Eg var såpass aktiv i går at eg fekk ei våkenatt attpå. Så i dag har eg vore aktiv inne i staden.Har vaska golv + klede etc. Har vore ute og raka litt no i kveldinga, men det er ikkje mykje varme i lufta!Men det er greitt arbeisver. Nils har vore veldig flittig ute i dag, har gjort klart både for jordbær og sukkererter.No er han på møte.

    SvarSlett
  2. Arbeidsver. Irriterer meg å sjå skrivefeila for seint.

    SvarSlett
  3. No har eg jobba ute i hagen ein time, men det er kaldt! Eg la ein del aviser under molda i eine bedet. Så får vi håpe at ugraset ikkje likar det.

    SvarSlett