fredag 7. mai 2010

Bok 19 2010: "About a Boy" av Nick Hornby

Då elevane i den eine engelskklassen min las utdraget frå denne romanen i læreboka si tidlegare i vår, såg vi filmen i tillegg. Nokre spørsmål dukka opp undervegs, og eg tenkte eg skulle lese boka for å sjå om eg fann svar på spørsmåla. Karakterane i boka var noko annleis enn dei vert framstilte i filmen, men den store overraskinga var at skulekonserten frå filmen ikkje er med i boka i det heile. Akkurat det syntest eg var pussig, men boka er sjølvsagt minst like god som filmen. Møtet mellom Will og Marcus er komisk og tankevekkjande, og ein sit att med kjensla av at "no man is an island".

2 kommentarer:

  1. Denne boka har eg ikkje lese, men eg har lese fleire bøker av Nick Hornby som eg har likt godt. Det til tross for at dette er nærmast ungdomsbøker,

    SvarSlett
  2. Eg har berre lese utdrag frå andre bøker av han, men det kan hende eg skal gjere eit forsøk.

    SvarSlett