tirsdag 11. mai 2010

Bok 20 2010: "Dødens uteblivelse" av José Saramago

Kva skjer dersom menneske i eit land sluttar å døy? Med dette som utgangspunkt skriv ein 85 år gammal portugisisk forfattar ein roman som inneheld mykje fabulering, satire og kjensler. Første del av romanen handlar om korleis menneska i det nemnde landet reflekterer, reagerer og handlar når dei døyande berre blir liggande. Etter ei tid begynner dei som skal døy å få eit fiolett brev i posten ei veke før dei skal døy, men eitt av breva kjem stadig i retur utan å ha blitt levert. Etter kvart dukkar Døden opp, i form av ei kvinne, for å finne ut av problemet.

Innhaldet i romanen er langt frå realistisk, men kan kanskje passere som magisk realisme. Her er mykje humor, men stemninga skiftar fullstendig undervegs, noko eg syntest var forvirrande. Språket er òg forvirrande, med noko fri bruk av teiknsetjing og store bokstavar. Boka krev eit fritt og filosoferande sinn, men første delen er absolutt best.

2 kommentarer:

  1. Høyrest vel sært ut, spør du meg.

    SvarSlett
  2. Vart tipsa av ex-kollega Odd. Sær, men tøff (romanen, ikkje nødvendigvis Odd :)).

    SvarSlett