søndag 16. mai 2010

Bok 21 2010: "Vinterbyen" av Arnaldur Indridason

På grunn av utvalet på biblioteket måtte eg hoppe over eit par titlar og kome langt ut i rekkja av Indridason-romanar. Denne handlar om ein liten ut med delvis thailandsk bakgrunn som blir funnen død etter å ha blitt stukken med kniv. Som vanleg kjem det fram mykje om ulike miljø på Island undervegs, og denne gongen var løysinga litt meir overraskande enn i dei to førre romanane eg las. Komposisjonen var enklare òg, så dette var ei bok ein utan problem kunne ha på øyret under husvasken.

2 kommentarer:

  1. Dette var den første boka eg las av Indridason, så eg hugsar lite av den. Det eg likar best med desse bøkene er skildringane av islandsk natur, miljø og folketru.Og ikkje minst tankane som Erlendur gjer seg både om notid, fortid og framtid.Eg føler at han og eg er på samme bølgelengde. Derfor sakna eg Erlendur i siste boka.

    SvarSlett
  2. På biblioteket i Ørsta står alle desse bøkene opplina i hylla til ei kvar tid. trur ikkje nokn les dei-med eitt unntak!

    SvarSlett