torsdag 20. mai 2010

Bok 22 2010: "17. roman" av Dag Solstad

Dag Solstad er ein av mine yndlingsforfattarar, berre så det er sagt. No er det lenge sidan eg har lese noko av han, men denne romanen er eit slags framhald av "Ellevte roman. Bok atten", som eg las for mange år sidan. I den boka møtte vi Bjørn Hansen, som gav seg ut for å vere invalid. I den nye romanen møter vi att den same Hansen, etter at han er blitt avslørt som svindlar og har etablert eit nytt liv. Romanen handlar først og fremst om hans forsøk på å ta opp kontakten med sonen, som er optikar i Bø. Ei gripande skildring av ein manns frigjering frå samfunnet, skrive i Solstads lett gjenkjennelege språk med typiske innskot som "som det heter". Eg angrar berre på at eg ikkje las om att den første boka før eg gav meg i kast med denne, slik at eg hadde hatt den friskare i minnet.

2 kommentarer:

  1. Eg har ikkje lese så veldig mange bøker av Solstad, men har likt dei eg har lese.Han er ikkje så spes i bøkene som han er på TV-

    SvarSlett
  2. Du har vel meldt deg inn i FB-gruppa til Ørsta bibliotek? Eg blei oppmoda av biblioteksjefen om å melde meg inn og no blir eg oppdatert på alt som skjer. Blant anna om at Knausgård er komen på lydbok, og at ho har sett meg på ventelista. God sørvis.

    SvarSlett