søndag 2. mai 2010

Den kvite symra

Ho står, den kvite symra,
den fyrste blom i år,
der like inn på snøen
i sine tronge kår.

Ho står i kvite klede
så fager som ei brud.
Sjå henne vel i auga,
Då har du skoda Gud.

Eit bod frå himmerike,
ein fattig liten svein
som helsar frå Gud Fader:
Du er min perlestein.

Min Gud, du ser mitt hjarta
og all min vesaldom
kled sjeli i din nåde
så kvit som denne blom!

Anders Hovden

5 kommentarer:

  1. Eit av dei dikta som vi las på skulen. Men eg er redd det har gått i gløymeboka. Bra det kjem "fram frå gløymsla"(tips til eigen serie)

    SvarSlett
  2. Det er ein fin melodi til òg. Eigentleg burde vi ha øvd den inn til 17. mai, men vi har andre planar.

    SvarSlett
  3. På Velle skule song vi denne songen ofte, men kanskje ikkje dei siste åra eg jobba der.Eit vakkert dikt er det i alle fall.Og ein vakker blomst.

    SvarSlett