tirsdag 11. mai 2010

Gourmetguten og den brekande sjøløva

Minstemann og eg har hatt Kose-Tysdag, medan dei hine driv med sine vanlege tysdagsaktivitetar. Og det er mannen i huset som bestemmer menyen: "Rett i koppen" fiskesuppe til middag, gullfiskkjeks til barne-tv-kos. Gamla har vore sjøløve og sagt "oink oink" for å få fisk i løn.

Laurdag kveld fann vi på ein ny leik, etter at vi hadde kosa oss med å finne på ei ny Blåmann-historie. Leiken heiter "kan du gjette ka slags song ej breka?", og blant høgdepunkta kan nemnast då Minstemann breka kjenningsmelodien til Indiana Jones.

I kveld blir det sikkert både lesing, dikting og breking på loftet. Kanskje burde eg sende ut nabovarsel?

4 kommentarer:

  1. Skulle gjerne vore ei fluge på veggen......
    Her har vi eit problem i dag. Hugsar at Minstemann hadde ei viktig rolle i sirkusprogrammet i fjor vår.Han skulle fram på scena heilt til slutt.....men kva var det han skulle seie/gjere? Han somna på fanget til morfaren, men vakna såpass han fekk utført oppdraget.

    SvarSlett
  2. NO hugsar vi det!!!
    Sjølvsagt. somme gonger står det berre heilt stilt. Blir vel berre verre med åra.

    SvarSlett
  3. Ja, no har de fått eit hint på førehand om kva han skal gjere denne gongen...

    SvarSlett