fredag 7. mai 2010

Great Garlic Girls: opplading til grand prix!

Eldstejenta og eg er ihuga MGP-fans, så vi tok oss i kveld ein tur til Ørsta for å sjå Great Garlic Girls, som turnerer landet med eit show fylt av MGP-songar. Ja, dei mimar for det meste, sjølvsagt, men det heile var ustyrteleg morosamt. Humoren er både enkel og vulgær, og det er utruleg artig å sjå kor små effektar som skal til for å minne om ein person eller berre vere morosam. Eitt av høgdepunkta var Mattis Hætta-figuren, som var beundringsmessig ufyseleg.

Før showet tok vi oss ein tur innom kinarestauranten i Ørsta, der vi åt noko så lite kinesisk som tagliatelle med tomatsaus og pinjekjerner. Eg trur der var kvitlauk i, og det passa no bra.

3 kommentarer:

  1. Pappa og eg snakka seinast i går om at vi skulle ha prøvd den nye Kina-restauranten i Ø- men de vart altså før.

    SvarSlett
  2. Eg har vore der før, eg. Heilt ok, god service.

    SvarSlett