lørdag 22. mai 2010

Rema 1000-cup i Volda

Nummer 2 og 3 er aktive fotballspelarar på to lag kvar, og i dag var tre av laga påmelde Rema-cup i Volda. Ingen av laga gjorde det spesielt skarpt når det gjaldt resultat, men det var mykje godt spel. Veslejenta scora fire mål og spelte fem kampar i alt. Minstemann var veskepassar og supportar med svært lite iver etter kvart, og under siste kampen sat han og sov i bilen.

3 kommentarer:

  1. Den eine lik mora ofg den andre faren?

    SvarSlett
  2. Minstemann må stille opp på mange arragement som han ikkje er spesielt interessert i. Håper storesøskena stiller opp for han når han skal i vinden.
    Lurer på kva han kjem til å slå inn på?

    SvarSlett
  3. Ja, Minstemann er eigentleg ei tolmodig sjel. Han har vore på nokre fotballtreningar, men har vore meir begeistra for å vere med på teater. Nummer 2 stod mest i mål i dag, og han skal av garde på cup søndag òg.

    SvarSlett