søndag 9. mai 2010

Røvarhistorier?

Ny dag for barneteater i Bygda, og no sit historia som den skal, kulissane tek ei viss form og vi har planane klare. På grunn av sjukdom og selskap vart det ein del fråfall på øvinga i dag, så det blir nødvendig med ein siste gjennomgang søndag ettermiddag/kveld. Minstemann har ei sentral rolle, og skal mellom anna plasserast i ei kasse som har vore med på Everest-ekspedisjon.


Som ein annan kuriositet tek eg med eit bilete frå ei kladdebok som vi fann då vi leita etter lausbartar. Møtereferatet er frå januar 1944, då nokre karar har sett ned ei nemnd for å få sett opp eit ungdomshus i bygda. På dei påfølgjande sidene står å lese at dei tok seg ei tiggarferd til Bjørkedalen for å få material, og alle gav dei noko, bortsett frå ein namngjeven person som hadde sagt - i følgje referenten - at det å bygge ungdomshus var det dummaste han hadde høyrt om. No er huset både bygd og rive sidan den gong, og mannen er nok borte han òg, men det er no artig å sjå at folk har hatt sine lokale kampar før i tida òg. Og at nokon har tenkt konstruktivt på ungdomslagsarbeid, fest og moro i eit dystert krigsår.

1 kommentar:

  1. Artig å finne eit slikt historisk dokument. Som eks-lærar bit eg meg særlig merke i kor pent det var skrive. No veit eg knapt om folk har handskrift lenger.Dokke får no ha lykke til med 17.-maiprogrammet.

    SvarSlett