fredag 14. mai 2010

Vårt nye kjæledyr

Nummer 3 er no stolt eigar av ein aldeles nydeleg kaninunge som har fått namnet "Dip". Han vart levert av Hareidsgjengen i Ørsta, der Morfar hadde skaffa bur, som han surra på taket på bilen min. På heimveg låg kaninen og skalv i ei lita kasse, men han kom fort til hektene att då han kom heim og fekk løvetann og fekk springe rundt i buret. No har vi teke inn buret så ikkje småen skal fryse om natta.

3 kommentarer:

  1. "Oppdrettaren" brukte ein halv time på å fange han, og meinte vi måtte passe godt på, for han kom til å prøve å stikke av ved første høve. Vi synest han er roleg og snill. Det er berre å kose masse med han, så vert han like snill som faren.
    Han har levd på høy og kapplauv, som dei seier her. Løvetann og anna ugras er topp for han. Elles likte han godt brokkoli då han var her. Kaninfor/gnagarblanding har han ikkje smakt. Sikkert unødvendig om sommaren.

    SvarSlett
  2. Han får stell etter alle kunstens reglar, og ikkje minst fred og ro.

    SvarSlett
  3. Kanskje det vanskelegaste ...

    SvarSlett