søndag 23. mai 2010

Vikingkaupang på Herøy gard

Då Nummer 2 fekk tilbod om å sitje på med ein kompis til Rema-cup i dag, fekk eg idéen om å bruke dagen til noko som kunne vere kjekt spesielt for Minstemann, som de kanskje hugsar hadde ein temmeleg gørr dag i går. Gjennom nokre facebookstatusar hadde eg fått med meg at det skulle vere arrangement på Herøy gard, og det var ein freistande idé. Både Eldstejenta og eg har vore der før, men for dei andre var det ei heilt ny oppleving å sjå grava til "Anna med barnet" og uteamfiet. I tillegg var der laga til ein liten kaupang, nokre "vikingar" viste fram kampteknikk og ein kunne få ri på islandshestar som likna dei to vi kjenner så godt frå før. Vi var dessutan inne i husa på tunet, og vi kjøpte oss is og rømmegraut.

Då vi kom til kaia i Volda på veg heim, kom Nummer 2 og laget hans akkurat dit dei òg, såpass vi reiste heim i samla flokk. Ein aktiv og innhaldsrik dag, akkurat slik eg likar - no er eg klar for å setje meg ned og begynne å lese om lag 200 eksamenssvar i norsk hovudmål.

2 kommentarer:

  1. Godt turtips! Eg har faktisk ikkje vore der ... Her sit Øystein og rettar.

    SvarSlett
  2. Eg skulle dit ein gong vi var på "lærartur", men tida vart for knapp. Håper at Minstemann spesielt var førnøgd med dagen. Vi lurer på om han no kjem til å gå gjennom ein metamorfose frå Indiana Jones til Viking? Slik at har bytter hatten ut med hjelm?
    Her har vi stort sett berre sløva i dag.

    SvarSlett