lørdag 1. mai 2010

What can make me feel this way? My girl!

I dag gjekk eg meg ein tur på vegen før eg sette meg til å rette. Etter retting, middag og litt for mange bollar gjekk Eldstejenta og eg tur dit eg gjekk med gutane sist søndag. Det er fantastisk flott utsikt der, og turen er passeleg lang og krevjande. Første maidagen har vore kald, med alt frå strålande sol til hagl. I føremiddag gjekk eg tur i solskin, men då vi gjekk, var det overskya opphaldsvêr. Vi prata om laust og fast slik vi plar gjere når vi går på tur. Dessutan song vi gamle grand prix-bidrag, Mikas song om regn og andre irriterande "catchy" songar. Og tok tullebilete, sjølvsagt.

2 kommentarer:

  1. Hei :)

    1. mai fjor var Kari, Sandra, Benjamin og eg på tur til Gamlegjerdet (Nautviksetra)
    Ein virkelig flott plass å gå på tur... Utsikta er berre heilt utrulig flott. Dokke e heldige som kan gå dit å "lufte vetet".....
    Var nok noke meir vårlig i fjor på disse tider:)
    Gog helg!
    Marianne

    SvarSlett
  2. Ja, det var voldsomt kor catchy alle songane var i dag. Må innrømme at eg var litt svak for Finlands bidrag! Med dama som ikkje spelte fele og dama som truleg ikkje spela trekkspel- og så var det jo litt av ein parodi.....
    Dokke er heldige som kan ta slike fine turar, fabelaktig utsikt der inne.

    SvarSlett