onsdag 12. august 2009

Årsetsetra



Denne gongen traff eg rett seter, og eg fann råsa. Utsikta er sikkert fin, den, men då eg kom opp, var det grauttjukk skodde som stengde for det meste av utsikt. Regna gjorde det òg. Faktisk var utsikta så dårleg at eg ikkje såg Aurstadsetra, der eg enda opp sist eg var på dei kantar.

Skodde er noko herk, men det gir også ei viss trolsk stemning. Våte sokkar og skor har eg derimot ikkje nokon formildande kommentar om.

2 kommentarer:

  1. Eg håper berre at du legg inn ein god sikkerheitsmargin på turane dine. Likar ikkje så veldig godt at du fer i fjellet åleine. Og då tenkjer eg ikkje på menn med gevær, heller på stein og ur....
    Likevel forstår eg at du synest turane gjer godt.

    SvarSlett
  2. Dei turane gjer fantastisk godt - spesielt når ein har tøffa seg litt med plen- og kantklippar i tillegg til vasking. Og eg er sjølvsagt forsiktig, spesielt på glatt og sleipt underlag.

    SvarSlett