torsdag 13. august 2009

Det er betre å vere ute av teljing enn nede for teljing







Eg har kjørt eitt barn til ein kompis på overnatting, og så kom naboguten og skulle overnatte i campingvogna saman med Nummer 3 og Minstemann. Eldstejenta var vekk på fotballtrening, men kom att saman med Gubben, som hadde vore på øving i Ulsteinvik.

Kor mange er vi i familien - eigentleg? Og kor mange er i huset? Kor mange søv?

PS: alle foto er tekne av Nummer 3.
PPS: der er ingen monster i campingvogna, sjølv om dei tre bileta av Minstemann tyder på det motsette.

2 kommentarer:

  1. Ser ut som ungane har det kjekt i "heimeferien" også.Berre synd at veret skal vere så dårlig. Vi skulle no eigentleg vore på Trebåtfestival...

    SvarSlett
  2. Får heller halde oss heime og bygge ein ark...

    SvarSlett