lørdag 15. august 2009

Mamsen og Lillegutt dag 2


Minstemann vakna gledesstrålande i dag tidleg og utbraut: "sant vi skal vere aleine heime i tre dagar? Og i dag er det andre dagen?" Gamla smelta sjølvsagt totalt, heilt til ho innsåg at det ikkje nødvendigvis var hennar form for kos som gjorde denne helga så spesiell. Guten nyt nemleg livet som eineherskar over datamaskinen i kjellaren og til dels fjernkontroll og dvd-spelar.

Vêret skulle bli så bra i dag, men så vart det regn igjen. Plenklipping og terasseliv blir det derfor lite av, men vi har vore i skogen med hundane såpass vi kan tilbringe resten av dagen inne med godt samvit.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar