mandag 31. august 2009

Bok 52 2009: "Teori og praksis" av Nikolaj Frobenius


Etter å ha lese (og likt) "Jeg skal vise dere frykten", var det freistande å lese fleire bøker av same forfattar. Denne boka er blitt karakterisert som ein nesten sann roman, ein løgnaktig sjølvbiografi, og den fortel historia om Nikolaj, som veks opp i drabantbyen Rykkin. Faren er ein av dei ansvarlege arkitektane bak byggeprosjektet, men han passar likevel ikkje inn i det sosialdemokratiske likskapsidealet. Blant anna skjønar han ikkje kvifor dei som bur der berre vil ha plen og krokus i hagane sine, når han sjølv vil dyrke frukt og bær. Unge Nikolaj og jamaldringane hans har ein hard oppvekst, sjølv om tilhøva eigentleg ligg til rette for at alle skal vere likeverdige og ha det godt.

Sjølve historia i boka er ikkje akkurat original; gutane interesserer seg til dømes for pønkmusikk og eksperimenterer med narkotika, men hippie-faren gir eit artig perspektiv til det heile.

1 kommentar:

  1. Eg måtte inn på min eigen blogg og lese om Jeg skal vise.....og der fann eg ut at eg også hadde likt den boka.Denne du skriv om her, har eg ikkje lese enno.

    SvarSlett