onsdag 19. august 2009

Skulen er ikkje heilt den same utan elevar...


Så var det tid for skulestart, og alle elevane var samla i Voldahallen for å bli ropte opp og førte til sine respektive klasserom. Det var kjekt å sjå att ungdomane, og særleg i år, når eg stort sett skal ha kjende fjes frå i fjor å ta meg av. Nokre av dei får kanskje overdose etter kvart, med ti timar Gamla-undervisning i veka, men sjølv er eg van til slike dosar frå fleire år som norsklærar på påbygging.

Faga mine i år er engelsk og norsk i andre klasse på media og kommunikasjonslinja og studieførebuande. I alt skal eg undervise 14 timar i veka, noko som utgjer om lag 83% stilling. Eg skal framleis ha fri onsdagane.

Eldstejenta har hatt sin første skuledag i dag, og det gjekk greitt. Ho loppa mora for pengar i lunsjen, og etter skuletid har vi kjøpt henne datamaskin og ny sekk. Deretter kjørte eg henne til leilegheita, der besteforeldra tok seg av middagslaging og tilknyting til det trådlause nettet. Ho hadde allereie fått på plass Marilyn Monroe, men elles kjem ho sikkert til å setje meir preg på leilegheita etter kvart.

Vi kjem nok til å sakne henne her heime, men eg reknar med å sjå mykje av henne på jobb når kantina opnar att.

1 kommentar:

  1. Reknar med at leilegheita hos besteforeldra er vel utstyrt, men skulle det likevel mangle noko, så har vi stort sett for mykje av det meste.
    Karoline har bestemt seg for å flytte inn i kjellaren hos oss så snart der er ferdig vaska. Ho gler seg, og det gjer vi også.Ho er liksom "kjentfolk".

    SvarSlett