Eldstejenta hadde ikkje vore med på Bjørnasethornet før, og derfor var det eit naturleg turmål-val i dag når ho og eg skulle lufte hundane. I dag sleit eg med å finne råsa både oppover og nedover, det både regna og bles, men vi hadde faktisk ein fin tur. Då vi stod på toppen, var himmelen full av regnbogar.
Jammen er de flinke å kome dykk ut på tur, sunt både for kropp og sjel. Bikkjene har vel litt av æra for at de kjem dykk opp av godstolen? Mykje info på TV no om kor viktig det er med mosjon og rett kosthald for borna. Det vert sett store krav til foreldre og lærarar slik tidene no er. Eidabesta
Jammen er de flinke å kome dykk ut på tur, sunt både for kropp og sjel. Bikkjene har vel litt av æra for at de kjem dykk opp av godstolen? Mykje info på TV no om kor viktig det er med mosjon og rett kosthald for borna. Det vert sett store krav til foreldre og lærarar slik tidene no er.
SvarSlettEidabesta
Mosjon og frisk luft er viktig for alle, og hundane er gode å ha som "påskudd" når det regnar ute.
SvarSlett