lørdag 29. august 2009
Sesongstart for vinklubben
Fredag kveld var det klart for første vinklubb i sesongen, med spanske vinar og pastasalat på menyen. Vi var 13 til bords, men det gjekk heilt flott. Skravla gjekk om nye og gamle tema, og lydnivået var som vanleg høgt til tider. Det var mykje som hadde skjedd sidan så mange av oss var samla sist, og mykje som skulle luftast og oppdaterast. Fleire hadde born som hadde flytta, born som hadde begynt på skule og i barnehage, og nokre hadde begynt på jobb att etter fødselspermisjon. I tillegg har her vore ei bilulukke, vi har vore på diverse ferieturar og det har skjedd ting i nærmiljøet som måtte debatterast. Dei mest filosofiske og alvorlege samtalane kjem alltid etter at det har blitt færre ved bordet, og nabodama og eg var dei siste som gjekk. Sjølv om vi, fann vi ut på heimveg, var dei to eldste til stades.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Den vinklubben må vere reine skire terapien.Og så er det viktig med samhald i bygda. Men er ALLE med?Eg meiner i din årsklasse, altså?
SvarSlettAlle er inviterte til å vere med, og så vel ein sjølv om dette er eit forum ein vil ta del i. Vi har ca 20 namn på ei liste, og så passar det aldri for alle å kome. 10 - 12 stk er i grunnen passeleg mange rundt eit bord.
SvarSlett