
Skuleåret 1999/2000 hadde eg full jobb, var gravid og var mykje aleine i helgane med dei to eldste, som då var to og seks år gamle. Eg har eit minne frå laurdags- og søndagsmorgonar det året, og det er at eg vakna til songen "alle ønsker at de var en katt". Ungane hadde lært seg til å gå ned i stova, setje på videoen og sjå ein film slik at Gamla fekk ligge litt til...
Med Eldstejenta ute av huset har det no blitt interessant for dei resterande ungane å leite fram gamle VHS-filmar som ho har nekta å sjå fordi ho rett og slett er lei av dei. "Aristokattene" er ein av dei, og i kveld kosa vi oss med filmkveld etter ein nydeleg dag med sol og god klestørk. Nummer 3 sa, etter å ha sett reklamesnuttane på videoen, at ho aldri har sett "Pinocchio". Eg trur vi har eit nytt satsingsområde.
Det kan godt hende at Minstemann har gått glipp av mykje som dei to eldste fekk sjå, så det er berre å snu bunken.
SvarSlett