onsdag 19. august 2009

Bok 50 2009: "Den elskelige giftblandersken" av Arto Paasilinna


For dei av oss som er glade i litt svart humor, er dette ei bok som ein kan få sansen for. Ei eldre kvinne kjem i konflikt med fostersonen, som er det næraste ho kjem å ha ein slektning. Kvinna vil ta livet av fostersonen, medan han på si side konspirerer med kameratane for å få tatt henne av dage. God underhaldning for dei som har sansen for humor kombinert med ein slags krim. Stor litterær verdi har den ikkje, etter mitt syn, men grei nok som lydbok. Dei skikkeleg gode, kompliserte bøkene bør lesast i papirformat, medan lette og enkelt komponerte bøker høver godt som lydbøker.

2 kommentarer:

  1. Eg er heilt samd med deg der.Paasilinna er morsom,men eg hadde mest sans for dei to første bøkene.(Harens år og Kollektivt selvmord).Den boka eg nettopp har lese ut, burde eg absolutt ha lese på papir, slik at den hadde fått"sett seg" betre.
    Lydbøker blir på ein måte litt for lettvint, slik at ein gløymer fortare.

    SvarSlett
  2. Denne kunne eg ha tenkt meg å lese (høyre!), ja!

    SvarSlett