torsdag 27. august 2009

Norsktime

Lærar: no skal de, utan å snakke med nokon, skrive ein tekst som heiter "Pannekake"

Elev 1: Må vi lese den opp i klassa?
Elev 2: Skal den leverast inn?
Elev 3: Må den ha ei handling?

Dermed gjekk dei i gang. Nokre skreiv dikt, andre forteljingar, ei skreiv ei novelle. Nokre frivillege las opp tekstane sine. Deretter drog eg opp ei kokebok og ei eventyrbok, som begge hadde tekstar om pannekaker. Vi diskuterte skilnader mellom dei ulike tekstane, og vi var einige om at tekstane vanskeleg kunne ha bytta plass.

Kva var dagens tema?

Kontekst og sjangerkonvensjonar, først og fremst. Mitt vesle "stunt" skulle vise elevane at dei er prega av den konteksten dei skriv i som elevar, der føremålet med skrivinga vert vurdert som privat eller offentleg. Dei legg meir flid i å skrive ein tekst som skal leverast inn, og dei ville kanskje vere mer kreative viss dei skreiv heilt privat.

Årets personlege pedagogiske storsatsing er å få elevane til å tenkje sjølve før dei begynner å lese om eit nytt emne, og å øve dei til å setje ord på meir eller mindre sjølvsagde tankar og meiningar.

Om elevane såg verdien av timen, veit eg ikkje, men eg sjølv hadde det ganske så interessant. Det er vel halve vitsen med jobben, er det ikkje?

2 kommentarer:

  1. Eg synest det høyrdest ut som eit artig stunt.Dei som kritiserer skulen i dag, skulle viss korleis det var før. Eg gikk truleg ut av gymnas utan å vite kva sjanger var.Den tida skreiv vi stort sett i sjangeren "stil". Verda GÅR framover.

    SvarSlett
  2. Apropos diktet. Er det dette som kallast magisk realisme, eller...?

    SvarSlett