fredag 7. august 2009

Roleg dag på landet











I dag har Gamla undertrykt organisator-genet sitt og late ungane aktivisere seg sjølve. Dei har skote med luftgevær, sunge sing star, hoppa på trampoline og "teikna" på data - og sikkert mykje eg ikkje har oversikt over. Eldstejenta og fetteren vart frakta til Volda etter middag, og så skulle dei ta bussen vidare til Molde for å besøke fetteren til fetteren, for å seie det enkelt.

Nokon som hugsar Barne-tv-serien "Hvor er Willy"? Poenget der var å finne Willy (eigentleg "Wally") på eit myldrebilete. De kan no leite etter Minstemann på middagsbiletet...

4 kommentarer:

  1. Eg finn berre føtene.....

    SvarSlett
  2. Og du kan gjetteut frå ansiktsuttrykka til resten av gjengen kva humør Minstemann var i på dette tidspunktet!

    SvarSlett
  3. De får vise han bloggen til Håkon og sjå om de får han i humør att. Vi tøysa med Kvar er Håkon? på Eika.

    SvarSlett
  4. Det var ikkje berre Minstemann som vart i godt humør av "Hvor er Håkon"!

    SvarSlett