lørdag 1. august 2009

Bok 46 2009: "Blått som Alentejo" av Monica Ali


Sidan eg var så begeistra for "Brick Lane" at eg faktisk valfarta dit i vinterferien, var det med visse forventningar eg begynte å lytte til denne boka av same forfattar. Miljøet denne gongen er ein fiktiv by i Portugal, og bokmeldarar omtalar romanen som ein "moderne kollektivroman". Eg har tidlegare hevda at det ikkje skal vere stort persongalleri eller innfløkt komposisjon viss ein roman skal passe som lydbok, og eg vil no på det sterkaste hevde at "moderne kollektivromanar" ikkje passar som lydbok i det heile. I alle fall viss ein lyttar til lydbok medan ein syklar eller går på skogstur. Eg hadde problem med å halde personane frå kvarandre og å følgje med i dei ulike lagnadene, og konklusjonen min er at boka er relativt uinteressant. I alle fall samanlikna med "Brick Lane".

3 kommentarer:

  1. Det er bøker som eignar seg som lydbok og andre ikkje. Eg og slit viss det er mange namn og spesielt på språk eg ikkje kan.
    Hvite niggere som eg les no, var eg skeptisk til i byrjinga, men no liker eg den godt. Persongalleriet er absolutt begrensa....

    SvarSlett
  2. Eg har to gonger skrive til Lydbokforlaget og bede dei lage "rollelister" til lydbøkene. Ein spansk krim-roman, som eg las for lenge sidan, hadde ei slik liste vedlagt. Det var stor hjelp.Eg hadde problem med person-namna i siste boka eg las, men akkurat i den boka var det ikkje så farleg. Eg har ofte hatt dette problemet med lydbøker.

    SvarSlett
  3. Denn boken leste jeg i vår, men ble ganske skuffet over den. Kan tenke meg at den ikke var noe særlig bedre som lydbok, ja.

    SvarSlett