mandag 3. august 2009

The Bucket List (2007)


Med skodespelarar som Morgan Freeman og Jack Nicholson MÅ det bli bra. Dei spelar i denne filmen to aldrande menn som er dødssjuke av kreft, og som har nokre ønske om kva dei vil utrette før dei døyr. Handlinga er ikkje svært original, men dei to hovudrolleinnehavarane spelar så overtydande at ein blir riven med uansett. Den norske tittelen er "Nå eller aldri", noko som høyrest ut som ein middelmåtig åttitalskomedie, medan originaltittelen viser til lista over ting dei to mennene vil gjere eller oppnå før dei døyr. Denne bør de unne dykk å sjå!

3 kommentarer:

  1. Kanskje noko for mi aldersgruppe? JN er berre heilt utrulig, han kjenner eg godt,den andre skodespelaren er ukjend for meg, dvs.namnet er ukjent,men eg har vel sett han.Fekk lyst å sjå denne filmen.

    SvarSlett
  2. Canal + eittelleranna i går kveld...

    SvarSlett