søndag 2. august 2009

Bjørnasethornet (739 m) rett opp, og ikkje fullt så rett nedatt...























I dag ville Gubben og ungane på fisketur, og då såg eg mitt snitt til å gå ein fjelltur med Bianca. Råsa er ikkje alltid like tydeleg opp til Bjørnasethornet, men eg følgde rådet frå nabo N og gjekk etter retninga oppover. Det gjekk fint - turen tok berre 55 minutt frå parkeringsplassen til toppen. Nedatt svikta både retningssans og discman, og der var dessutan mange distraksjonar i form av blåbær og andre bærsortar, så vi rota oss langt ut i feil retning før vi henta oss innatt og enda opp på ein heilt annan stad enn der vi gjekk opp. Det er svært lite hjelp i "sporhunden" Bianca, men mykje selskap.

På det første biletet, som ikkje er teke frå toppen, kan de sjå fire vatn: Jolgrosvatnet (skrivast eigentleg "Julegrøsvatnet"), Sulvatnet, Brundalsvatnet og Lisjedalsvatnet. Nedst til venstre er Brundalsvatnet, der vi ofte plar gå. Nedst til høgre er Lisjedalsvatnet, der vi av og til går tur, og der folk frå Straumshamn får drikkevatnet sitt frå. Øvst til høgre, nærast fjellet "Keipen", ligg Sulvatnet. Dit gjekk vi tur tidlegare i veka. Øvst til venstre ligg Jolgrosvatnet (litt vanskeleg å sjå). Dit har eg lyst til å gå, men eg kan ikkje vegen. Kanskje eg prøver likevel, ein annan dag.

4 kommentarer:

  1. Det er voldsomt kor du bestig fjelltoppar for tida.Eg er litt bekymra over at du går så mykje åleine sidan Bianca er så lite å stole på.Det er ei fantastisk utsikt når ein kjem opp, det er det beste med fjelltoppar.

    SvarSlett
  2. Det har no vore fleire setrar enn fjell...

    SvarSlett
  3. Flott fjelltur, ser det ut som. I fjor gjekk eg meg nesten fast på ukjende stiar, det var litt ekkelt, eg var åleine, og måtte gå tilbake eit stykke..Dette året er det blitt berre ein topp, det er altfor dårleg! Men du er visst kjempesprek!

    SvarSlett
  4. Kondisen er hakket betre enn retningssansen, som ikkje er noko særleg å skryte av. Bjørnasethornet ligg rett bak garden her, og det skal vere mogleg å sjå heim viss ein går langt nok ut på kanten. Det gjer "ein" ikkje...

    SvarSlett