torsdag 13. august 2009

Bok 48 2009: "Kunsten å gråte i kor" av Erling Jepsen


Eg er svak for bøker skrivne med barns synsvinkel, spesielt når ein må lese den eigentlege handlinga mellom linjene fordi eg-personen ikkje er i stand til å tolke det som vert sagt eller observert. I denne danske romanen møter vi ein 11 år gammal hovudperson som fortel om kvardagslivet i familien hans, og ein må både le og riste på hovudet over det ein les mellom linjene.

Særleg morosamt syntest eg det var då han fekk ris og ville ha eit innramma bilete av erkeengelen Gabriel til trøst - og så viser det seg at han skal legge den kalde glasplata der han er blitt slått, for å lindre smertene. Gabriel og Tarzan er dei to store heltane, og han vekslar mellom kven av dei han vil be til.

Eg hadde sansen for boka, og må skaffe meg filmen ved neste korsveg.

6 kommentarer:

  1. Som du veit var ikkje eg fullt så begeistra for boka som du, men den hadde sine sider. Filmen har dei til utlån på biblio her, men eg har ikkje sett den.

    SvarSlett
  2. Eg var innom biblioteket i Volda og skaffa meg nokre nye godbitar i dag!

    SvarSlett
  3. Her var det lite å finne. No les eg ei bok som er filma:Slumdog millionaire.Det var biblioteksjefen som sa at mange likte den boka.Trur den er i den lette sjangeren.

    SvarSlett
  4. Den filmen du nemner har fått mykje skryt, iallfall. Eg trur eg må legge inn ei filmbestilling snart...

    SvarSlett
  5. Eg har fått låne ein heil pose med filmar av Solveig, men har ikkje sett ein einaste av dei enno.Ser ikkje TV før ca 21.30 om kveldane, og då er det gode program. I går såg eg tre program etter kvarandre:Stormen, Dalgliesh og Stephan Fry i Amerika.Skal eg få sjå DVD-filmar må eg visst ta natta til hjelp.

    SvarSlett
  6. Eg er nesten avvend med tv, men ser heller ein god film når eg har tid og lyst.

    SvarSlett