søndag 16. august 2009

Bok 49 2009: "1964" av Ragnar Hovland


Då eg skreiv om den førre boka eg las, nemnde eg at eg blir sjarmert av barnleg synsvinkelbruk. I boka "1964" skaper Hovland eit truverdig og humoristisk bilete av korleis det var å vere tolv år i året 1964, og persongalleriet er mildt sagt fascinerande. Her er ikkje så mange innslag av surrealisme som ein ofte finn hos denne forfattaren, men eitt døme er at dei brått får inn signala frå ein episode av fjernsynsserien "Dynastiet", som vart laga tjue år seinare. Elles inneheld boka nokre dramatiske episodar, men det er personskildringane og tida dei levde i som står i sentrum.

Vi har tidlegare brukt eitt av kapitla som analyseoppgåve på jobb, og det er kanskje eit høgdepunkt i romanen. Det kapitlet handlar om korleis tolvåringane ikkje får til å leike cowboy og indianar slik dei gjorde førre sommar, og er ein nydeleg illustrasjon av korleis det er å gå frå barndom til ungdom.

Forfattaren les sjølv på lydboka, og han har ein lesemåte som minner om Are Kalvø. Dette gjer dei humoristiske innslaga meir morosame.

Boka er ikkje noko epokegjerande litterært verk, men absolutt ei bok ein kan ha glede av å lese.

2 kommentarer:

  1. Denne boka hadde eg og absolutt sansen for!

    SvarSlett
  2. Og eg har sjølvsagt lese den for lenge sidan....og gløymt det meste.Når eg gjekk over til å blogge bøkene eg les, var det ikkje minst for å bli flinkare å hugse, eller å slå opp ?

    SvarSlett