mandag 24. august 2009

Bok 51 2009: "Kjærlighet i koleraens tid" av Gabriel García Márquez


Etter å ha lese over hundre sider av denne romanen, begynte eg frå byrjinga att. Årsaka var at eg hadde lese så lite kvar gong eg las at eg ikkje hadde fått med meg samanhengen. Andre gongen vart det noko lettare å sjå sjarmen i personportretta, som er forfattarens sterke side, ved sida av miljøskildringa. Det er mykje realisme og lite magi her, så nokon god representant for sjangeren "magisk realisme" er det ikkje. Her er derimot uendeleg mykje romantikk. Forfattaren Levi Henriksen har uttalt at boka gjorde så sterkt inntrykk på han at han tenkjer på den som ein gammal kjærast, noko som høver godt til tematikken.

Eg likte boka godt, men trur ikkje eg hadde orka for mange bøker av dette slaget.

11 kommentarer:

  1. Denne forfattaren er framleis heilt ukjend for meg fordi han ikkje er å oppdrive på lydbok. I alle fall ikkje på vårt bibliotek.

    SvarSlett
  2. Fleire av bøkene hans er frå den tida du framleis las papirbøker! Eg synest å erindre nokre TV-innspelingar av bøkene hans frå slutten av 80-talet, men er ikkje heilt sikker.

    SvarSlett
  3. Eg har lese bøker av forfattaren, men denne er eg usikker på. Kan det stemme at eg nettopp har sett filmen?

    SvarSlett
  4. Ja, det kan hende. Det har ikkje eg, men eg veit at den er filmatisert.

    SvarSlett
  5. Den tida før eg begynte å lese lydbøker, las eg stort sett berre det eg MÅTTE p.g.av problem med eit auge. Så det er veldig lenge sidan eg las papirbøker.

    SvarSlett
  6. Denne romanen kom på norsk i 1986.

    SvarSlett
  7. Dette er en helt nydelig bok, men den er av slaget du må krype inn i, og helst ikke legge fra deg. Kan ikke helt skjønne at Marquez egner seg til lydbok med det persongalleriet og detaljrikdommen. Han fikk vel Nobelprisen for Hundre års ensomhet, men Kjærlighet i koleraens tid synes jeg er bedre.

    SvarSlett
  8. Eg har fått litt dilla, så eg har lånt eit par bøker til av same forfattar på jobb-biblioteket i dag. "Hundre års ensomhet" var ikkje der, men den skal eg skaffe meg på anna vis.

    SvarSlett
  9. Og no har eg lånt fire til av same forfattar på eit anna bibliotek, blant andre "Hundre års ensomhet". Ser fram til den!

    SvarSlett
  10. Denne boka har eg begynt på mange gongar, men sleit med det samme som deg. No får den kvile til en husmorferie en gong. ;)

    SolveigS

    SvarSlett
  11. Av ein eller annan grunn minner den meg litt om "Øya", faktisk.

    SvarSlett