lørdag 8. august 2009

Bolletante og dei gode hjelparane



Dagen så langt har vore passeleg daff; Gubben tok med seg ungane på fisketur (dei fekk ikkje fisk) medan eg sykla/gjekk med ein hund og klipte ein plen. Etter det sette eg ein deig, såpass vi hadde ein triveleg formingsaktivitet etter middag. Vi har laga kanelsnurrar med og utan vanilje, bollar og kringle, og det var laurdagsgodt etter min smak. No steikjer eg siste bretta medan vi et av dei første - kanskje går vi i null til slutt!

Eg må forresten innrømme at eg vart inspirert til bakinga av Eidabesta sin blogg - kanskje blir eg så inspirert av blogglesinga at eg begynner å strikke!

5 kommentarer:

  1. Eg stenger for alle sansar for ikkje å bli frista av lukta frå nysteikt gjærbakst som eg synest siv ut frå diverse bloggar.
    Eg skal ikkje ha noko meir GODT -i den sjangeren.
    Men i dag "sprakk" eg og steikte pannekaker og svenskebacon.Ja,ja......

    SvarSlett
  2. Det hadde eg og gjort viss eg hadde fått så mykje blåbær!

    SvarSlett
  3. Kveitedeigar luktar godt og er deilige å ta i. Den ferdige baksten er heller ikkje å forakte, og så luktar det av kanel og kardemomme i heile huset. Mange gode grunnar til å bake! Trur eg har forspist meg på bollar no, så ein eller annan hund må nok til pers og få altfor mykje mosjon i dag...

    SvarSlett
  4. Her skulle du hatt ein "lik dette"-knapp :0) Eg er samd i at dette er fortreffeleg laurdagsgodt. Elles må eg melde at i det etterkvart så vidgjetne bryllaupet i går sat eg så trangt til at eg ikkje ein gong fekk SETT kakebordet! Skandale!!

    K

    SvarSlett
  5. Skal prøve meg på aniskringle ein dag...

    SvarSlett