torsdag 6. august 2009

Brekkeheida (377m)




Dagens vesle trimtur var eit attersyn med gamle, kjende stader. Brekkeheida var, etter det eg kan hugse, eit turmål som vart flittig nytta på skuleturar før i "gamle dagar". Der går helleveg nesten heilt opp til ei seter, og så kan ein gå oppe på fjellet og sjå utover Ørsta. Problemet mitt har tidlegare vore å finne byrjinga på hellevegen, og det var ikkje så vanskeleg når ein hadde fått forklaring på kvar ein skulle køyre.

5 kommentarer:

  1. No har det kome veg mykje lenger opp enn i gamle dagar,då vi gikk frå "hovudvegen" til Brudavolltunet, langs ein steingard opp til gardfjøsane før vi kom inn på hellevegen.Det var etter ein tur dit opp med ei skuleklasse at ei av elevane skreiv i ein stil:"Og då vi kom opp på Brekkeheida såg vi utover heile VERDA og litt av Volda".Og du såg vel heim att ?

    SvarSlett
  2. Ja, eg såg heimatt, og eg såg skulane eg i si tid gjekk på. Skulevegen var ikkje så verst lang, men den såg flatare ut enn eg hugsa den. Vegen fram til Engeset såg skrekkeleg lang ut, og eg sende eit par tankar til Besta, som ikkje kjørte bil på den tida. Noko slikt hadde vore utenkjeleg i dag.

    SvarSlett
  3. Det er rart eg ikkje vart sprekare slik som eg sykla og gjekk i alle år.

    SvarSlett
  4. Eg hugsar best den skuleturen eg gjekk bak bror min på Brekkeheida. Plutseleg såg eg nokre hooormar rett ved sidan av stien ved føtene hans!

    SvarSlett
  5. Eg kom på det der med hoggormfaren i det eg var koma opp, men der var lite å sjå av denslags kryp. Flygemaur, derimot, var der rikeleg av.

    SvarSlett