tirsdag 4. august 2009

"Du sa du ville ete middag ute..."









































Gubben har tidlegare feira bursdagen sin i Tyrkia, på Jersey og på Nesbyen, og i dag ville han på nytt feire dagen sin på ein eksotisk stad.

Turen gjekk i dag til Jolgrosdalen (Julegrøsdalen, viss ein skal følgje stadnamna på diverse kart) - ein tur vi har snakka mykje om, men som vi ikkje har lagt ut på fordi vi ikkje visste kvar råsa var, og fordi vi trudde det var langt dit. Minstemann brukte to timar frå parkeringsplassen i skogsvegen og heilt fram, så dette var absolutt overkomeleg. Råsa var ganske tydeleg når ein først fann den, og det var lett å gå med svak stigning og ikkje så frykteleg mykje skog.

Det var mogleg å fiske i vatnet, men vi hadde no med pølser for sikkerheits skuld. Vêret var nydeleg, men då vi gjekk nedatt, såg vi skodda kome sigande.

2 kommentarer:

  1. Sikkert ein minnerik dag!Det gjeld å finne noko meiningsfylt å fylle dagane med,same korleis veret er.
    Skal seie de har innteke fjellheimen denne sommaren! Dette vatnet ser ikkje så idyllisk ut som Brundalen,men fint var der.

    SvarSlett
  2. Brundalen er ei perle, men det er no ikkje noko til tur viss ein vil trimme litt, og ikkje berre bade.

    SvarSlett