torsdag 6. august 2009

Dyr som (for min del) gjerne kunne ha vore utrydda (men som sikkert har ein viktig funksjon i eitt eller anna økosystem)


1. Flygemaur. Totalt meiningslaust å ha sånne småkryp på bakken, men verre når dei i tillegg kan flyge. Både på Bjørnasethornet og Brekkeheida aula det av slike eklingar.

2. Klegg. I det du kjenner at dei stikk, er det allereie for seint. Spesielt mange funn er gjorde i Brundalen og på vegen opp til Julegrøsdalen.

3. Brunsniglar. Systa på Hareid synte seg i dag frå si mørkaste side då ho med greinsaksa si gjorde ende på ein snigel i ein rask, effektiv og slimete prosess. Ikkje berre meiningslause dyr, men òg skadelege.

4. Padder. Eg forstår meg ikkje på dei som på død og liv vil verne desse ekle krypa, som kipper folk som er ute og går tur i skyminga. Sist observert på veg ned frå Norddalssetra til Fyrde.

Nokon som har innvendingar? Eller forslag til fleire på lista?

9 kommentarer:

  1. Hoggorm - trengs forklaring?
    Små grå sniglar-et på skvåsj og kaninfor.
    Sniglar med hus - har ete opp tre sortar høge staudar.
    Kålsommarfuglar - et blomkarse.

    SvarSlett
  2. Eg har aldri sett hoggorm, men dei er sjølvskrivne på lista, ja. Kanskje eg burde legge til rotter også, men det heller har eg aldri sett - anna enn burrotter, og det er noko anna enn sånne skumle som pilar rundt der du minst anar det...

    SvarSlett
  3. Rotte hadde vi på skulekjøkenet på Hjørungavåg til vi fekk jaga den ut. Ingen ønskjer vel mus og rotter i hus, men eg er liksom ikkje redd dei.

    SvarSlett
  4. Eg trur eg ville ha vore veldig redd ei rotte viss eg såg ei. Mus er ikkje så skumle, men ein vil ikkje ha dei i hus. Aller minst på kjøkkenet!

    SvarSlett
  5. Rotter var eit vanleg syn i mine unge dagar,eg er ikkje redd dei, men synest dei er ekle, mest fordi dei held til på uappetittlege stader.Levende hoggorm har eg aldri sett, og har ikkje ønske om det heller. Sniglane har vi ikkje vore så mykje plaga med her, men eg gjer som -Solveig:Eit raskt kutt med saksa. Padder har eg aldri sett.Kålsommarfuglar ser eg kvar dag, men eg tek ikkje livet av dei,har ikkje insektfobi.Lev og la leve er (stort sett) mottoet mitt.Alle dyr har sin misjon. Trur eg.

    SvarSlett
  6. Eg tvilar sterkt på at dei er like viktige alle saman, men las nettopp ein artikkel på nettet (nokon har hatt lang ferie) om fisk som åt flygemaur. Og fisk vil vi ha!

    SvarSlett
  7. Nei, nei - padder er jo superkule!

    Men klegg er skikkelig skikkelig kjipe.

    Flygemaur sånn helt litt teite, og brune snegler ligger og vipper så de teller ikke.

    SvarSlett
  8. Rotter kommer helt an på. Kloakkrotter er fæle, mens dyrebutikkrotter er veldig fine.

    Men mygg! De kan du kaste i do.
    Og sånne mark som spiser døde dyr. Maggot eller hva det heter. Det er ekkelt det! Fy!

    SvarSlett
  9. Mange gode kandidatar til utryddingslista mi her - og i mellomtida har eg fått besøk av nokre særs uvelkomne fluger i heimen...

    SvarSlett