mandag 10. august 2009

Fantasifullt? Ikkje fotomotivet, i alle fall. Trur eg har verdas best dokumenterte kjøkenbord...


Minstemann og Gamla plar vere på lag når vi spelar brettspel, og i dag knuste og mosa vi søskena hans med våre fantastiske bidrag til mimekunsten. Særleg Minstemann som farao var verd å merke seg - spesielt kopla saman med min "walk like an Egyptian". Dei andre var ikkje så bortreiste dei heller, men innimellom er det dårleg med miming. Det er nokre dagar sidan dei var samla rundt bordet sist, og det merkast. Bloggidyllen skuldast eine og aleine at eg bruker stillbilete.

4 kommentarer:

  1. Eg har dårlig samvit både overfor barn og barnebarn fordi eg har spela så lite brettspel med dei.Eg kan berre ikkje fordra det!!! Det einaste brettspelet eg har tolmod med er Kinasjakk. Med dette ber eg alle generasjonar om tilgjeving. Eg har vore/er ei dårlig mor og bestemor..........

    SvarSlett
  2. PS:Skulle ønske eg hadde plass til eit stort og romslig kjøkkenbord slik som dokke har!

    SvarSlett
  3. Eg liker heller ikkje brettspel. No forstår eg at eg kan skulde på dårleg oppdragelse....
    Kven var det som påstod at det ikkje var brå å gjere ting saman med borna som ein sjølv ikkje liker?

    SvarSlett
  4. Eg likar mange aktivitetar som samlar flokken rundt anna enn tv og data. Problemet er oftast det store spennet i alder og uthaldenheit blant ungane.

    SvarSlett