torsdag 20. august 2009

Første skuledagen min, ikkje rart at sola skin...









I dag var det mange spente born som møtte til første skuledag på Folkestad. Ja, heilt nye var det ikkje så mange av, for der er berre fire førsteklassingar. Men det var mange som møttest for første gong på lenge, og rektor tok så fint imot alle saman med ein tale om empati og hygiene og handhelste deretter på dei etter tur, berre for å demonstrere at vi ikkje skulle overdrive influensafrykta.

Minstemann og medelevane i første og andreklasse fekk høyre eventyret om Geitekillingen som kunne telje til ti, og så teikna, klipte og limte dei eit fint bilete saman. Deretter vart det eit langt friminutt, og etter det gjekk vi foreldra og let dei små klare seg sjølve, saman med dei tilsette ved skulen.

Vi har tre born ved skulen no, og det skal vi ha i fire år. Det var eit yndig syn då dei gjekk inn på bussen ilag, leiande på kvarandre, men eg fryktar at idyllen ikkje varer så lenge.

6 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Folkestad skule er ikkje så stor, det synest eg er ein fordel, særleg for dei minste! Små grupper er også fint.Når eg tenkjer på dei gongane eg tok imot nye førsteklasser med 25-27elevar får eg sveittebrot.
    Gratulerer med dagen til Minstemann.

    SvarSlett
  3. Ei klasse på fire er i minste laget, men dei skal gå saman med andreklassen, som inneheld fire jenter og ein gut. Den guten har eigen assistent eller spesialpedagog, så han er mest på eit rom for seg sjølv. Innimellom blir dei delte, som når det er leseopplæring. Minstemann klarer det meste, men både han og mora kunne ha øvd meir på motorikken, fin og grov.

    SvarSlett
  4. Finmotorikk har aldri vore mi greie, ikkje grov-heller for den saks skuld. Eit under at eg lærte å strikke og sykle.Heldigvis har han andre å slekte på.
    Når ein tenkjer på born som verkeleg har problem, så ligg Minstemann veldig godt an! Og får vi behalde det raud-grøne fleirtalet greier han sikkert overgangen til andre klasse neste haust også!

    SvarSlett
  5. Heisann.
    Er berre mektig imponert over bloggfamilien :-)
    Det kom so inderleg føre meg når vi var og reiste på skular for Noregs Mållag...
    Flotte born de har - og du har heilt klart dei dominante genane i familien:-)

    Kari Janne

    SvarSlett
  6. Ja, hugsar du det, K-J? Anette var med - eg trur ho var to eller tre år då. Camilla var for lita til å vere med... Dominante genar veit eg ikkje, men her er i alle fall ei jente i heimen som liknar på meg!

    SvarSlett