lørdag 8. august 2009

Gamla demonstrerer sin lysande intelligens...

Etter å ha lese og sett krim halve kvelden, sat eg fredeleg og fint i stova med tende lys mutters aleine (ungane var i campingvogna, Gubben var på fest). Ein halvtime før midnatt ringde det på døra, og ein hyggeleg kar stod på trappa og lurte på om mannen min var her, eller om eg dreiv med jakt og slikt... Det viste seg at nokon hadde kjørt på ein hjort som låg sterkt skadd i grøfta, og det var mørkt i alle glas i den vesle bygda. "Ja, alle er vel på hytta", sa eg og prøvde fåfengt å få tak i Gubben per telefon. Framandkaren sa han dreiv ein del med jakt sjølv og var tilknytt viltnemnda, og eg tilstod straks at eg hadde våpen i hus og kunne skaffe ammunisjon òg, viss eg fekk tak i Gubben. Mannen sa han ikkje hadde lov å skyte med andre sine våpen, og at hans tilknyting til viltnemnda ikkje talde fordi han budde i ein annan kommune.

Omsider kom eg på nokon han kunne oppsøke, så fyren forsvann og kom ikkje attende.

Så slo tanken meg: kva er dette for åtferd? Tilstå at ein er aleine i bygda og nesten tilby ein framand mann å låne våpenet ein har ståande? I tillegg demonstrerte eg faktisk på direkten at eg ikkje fekk tak i nokon på telefon som kunne hjelpe meg!

Jaja, ingen kan skulde meg for å vere skvetten eller mørkeredd. Eller særleg lur, når alt kjem til alt...

7 kommentarer:

  1. Dette kunne no vore starten på ein thriller! Eller, ville det vore truverdig?

    SvarSlett
  2. Ein skulle ikkje tru at du hadde lese særleg mange krimbøker i alle fall.Men....eg hadde sikkert vore like "dum" sjølv.Er ein godtruen, så er ein det!Men ein annan gong tenkjer du deg vel litt meir om?Det har vel dessutan noko med kvar ein bur å gjere?

    SvarSlett
  3. Når ein bur slik til som eg gjer, burde ein vere ekstra på vakt. Tenk hadde eg forsynt mannen med gevær og ammnisjon, og så brukte han det til å true meg med etterpå?! Meir som ein komedie enn ein thriller, spør du meg.

    SvarSlett
  4. Eg er sikker på at eg hadde gjort det same sjølv. Så lenge det var ein nordmann med ei god dialekt.....

    SvarSlett
  5. Eg synest gamla her har ei god opptakt til ein krimroman. Denne må du gjere bruk av!
    Apropos så las eg på nettet at "Norges beste krimroman" ELSKEDE POONA bygger på ei verkelig historie.Det er kanskje derfor slutten er litt diffus?

    SvarSlett
  6. Det er nok ei av dei krimbøkene som har gjort sterkast inntrykk på meg. Den hadde andre element i seg enn krim. Filmatiseringa var også svært god. Slutten hugsar eg ikkje så godt....

    SvarSlett
  7. Slutten var irriterande. Det er noko med sjangerforventningar...

    SvarSlett