lørdag 22. august 2009

Gode hjelparar





Inga stor sak å smelle ihop eit par pizzaer når ein har gode hjelparar med kjevle og røreskei! Maten smakar som kjent ekstra godt når ein har laga den sjølv, og eg har to stk i heimen som vil starte pizzarestaurant når dei blir vaksne. Nummer 3 kommenterte at hennar pizza såg mykje finare ut enn Nummer 2 sin, men han syntest ikkje det gjorde noko sidan han ikkje skal starte pizzarestaurant når han blir vaksen, men bli elektrikar.

5 kommentarer:

  1. DU kan i alle fall sjå alderdommen lyst i møte, sidan du kjem til å få både mat og lys........
    Håper du lurer litt grovkveite ned i pizzadeigen?

    SvarSlett
  2. Vi har laga grov pizza frå kokeboka på skulekjøkenet i mange år. Det har vorte sett på som sært. No er det i vinden med fullkorn!
    Heime lagar eg pizza så sjeldan at det vert lys deig.

    SvarSlett
  3. Eg blanda "kornblanding" med vanleg fint kveitemjøl, så det blei ikkje så veldig grov deig. Dersom ein er redde for feitt, er det betre å kutte ned på osten. Er det fiber og sunnheit ein er oppteken av, kan ein ete salat attåt.

    SvarSlett
  4. Forresten så veit eg ikkje kvar dei to mellomste fekk idéen om å sitje medan dei kjevla frå. Eg kan ikkje hugse å ha sete medan eg laga mat nokon gong, men Eldstejenta sat framfor leikekomfyren sin, hugsar eg. Den gongen skulda vi på dagmammaen.

    SvarSlett
  5. Eg fekk omtrent "bakoversveis" då ungane på skulekjøkkenet sette seg ned mens dei steikte pannekaker.............
    Eg står alltid mens eg lagar mat, lurer på om det har noko med mi eiga(manglande) høgde å gjere.

    SvarSlett